søndag 12. desember 2010

Demokratisk leiing eller?

Eg er enig med Moos boka at leiar i skulen ikkje fritt kan velge leiarstil. Leierstilen må gjennspeile skolens sin danningsoppgåve. Heile vårt land og utdanningsystem er bygd opp på demokrati.Så derfor vil eg påstå at ein demokratisk leiiarstil vil ha størst slagkraft i skulen. Den smidigaste adferdsendring får ein ved at alle parter kjenne seg som ein del av utviklingsarbeidet. Det vere seg lærare, foreldre, elevar osv.  Faren er at ein blir så demokratisk at ein aldri får tatt ein avgjersle. Som leier må ein kunne skjære gjennom og ta dei beslutningane som skal til for å komme vidare. Dilemma er å treffe rett tidspunkt for å ta avgjersla. Når er alle inforstått med at temaet er diskutert og at vegen vidare er bestemt?

Kva skjer om leiar tar ein "sjefavgjersle" utan at alle parter har fått deltatt?

Kan sei litt om mine eigne erfaringer. I utviklingsarbeid som skulen sjølv har bestemt er det lettast å gå den demokratiske veg. Lærare får diskutert, reflektert og neste steg blir bestemt i mest mogleg einstemmig. Skulen får gå sitt eige tempo. Elevar, foreldre og andre aktuelle aktører får vera bidragsytare til utviklinga. Leiar har ei viktig oppgåve å finna tid til utviklingsarbeidet, og vera "limet" som gjer at ting ikkje stoppar opp.

Ved utviklingsprosjekt som kjem frå oven kan det kjennast som ein vike frå dei demokratiske prinsipp. Ta til dømes nasjonale prøver. Når dei kom i 2004 var protestane store. Nokon valde til og med å boikotta. Ein håpa det var ein "flopp". Nasjonale prøver hadde ein vanskelig start og motstanden henge i enno. Eg vil påstå at lærare har vel aldri trykt nasjonale prøver til sitt bryst,  men no gjennomføre alle utan dei store oppslaga. Vi har akseptert. No diskuteras det korleis dei blir gjennomført. Kva er intensjonen?  Skal dei gagne eleven eller skolen eller var det nasjonen? Eller er det læraren som skal prøvast?

Dette viser vel at NPM og skulekultur ikkje går så godt i hop?