lørdag 6. november 2010

Ein leiers utfordringar for å legge til rette for pedagogisk bruk av IKT i skulen.

På fredag 12. november skal studiet settast ut i praksis. Ja, eg veit at moduloppgåva har frist til søndag den 14. Men 12. november er planleggingsdag og skuleleirar har satt IKT på planen nesten heile dagen.  Så då skal problemstillinga mi settes ut i livet.(sjå overskrifta) Den 5 grunnleggande ferdigheit skal fram i lyset.

Sjølvsagt har vi jobba med IKT tidligare, men det har vore vanskelig å veta kor lærarane er, kva kompetanse dei har, korleis dei brukar IKT i undervisninga osv?
Dei veit kva vi skal jobba med på planleggingsdagen. Dei veit kva som opptar rektor for tida.  Bloggen min har alle fått adressa til. Eg har tatt planen om kompetanseheving innanfor IKT opp på planmøte og samrådingsmøte, slik har eg dryppa inn at IKT kan vi ikkje velje vekk. IKT er eit viktig satsingsområde.

I løpet av studiet har eg hatt auge og øyrer opne på eigen skule og kva som røre seg på dei andre skulane i kommunen Eg har sendt signaler opp i organisasjonen, når det gjelder planer, budsjett, support,kompetanseheving etc.. Eg har hatt stor utvikling i min eigen kompetanse i den tekniske bruken av IKT og ikkje minst har eg fått ein mykje større oversikt over heile begrepet pedagogisk bruk av IKT. Så no får det stå til.

Mål: Vi skal heve kompetansen, vi skal ta i bruk IKT på alle trinn.

IKT-boka 2.0 ser eg vil vera veldig godt utgangspunkt for min skule. Så for å heva kompetansen der skoen trykker vil kap 6. vera utgangspunkt. På denne måten kan læraren sjølv finne ut kva han må læra. Så bruker vi kvarandre for kompetanseheving.

Kap 6. presenterer kompetansemål på alle trinn og kva læraren må beherska for å nå målet.
Døme:
5-7 trinn
Læraren må beherska:
  • Rutinar mht å slå av/på, logge av/på brukarnamn/ passord.
  • Enkel tekstbehandling
  • Skulen sine systemar ang. lagringsstader mapper, filar og kunne bruke dette på ein rett måte.
  • Bruke internett, sider med lenkesamlingar og programmer som passar til trinna.
  • Bruka av skulen sin heimeside og LMS mht. artiklar, bilete , oppgåver, planer, testar etc.
  • Bruk av projektor, interaktive tavler, skrivar, skannarar etc.
  • Innsikt i personvern, opphavsrett og kildekritikk
  • Bruk av regneark
  • Enkel bruk av biletebehandlingsverktøy
  • Digital fotografering
  • Program og utstyr for lydopptak og redigering om ein er musikklærar
  • Web 2.0- verktøy
Vi skal og ta oss tid til å planlegge ein undervisningsøkt kor vi tar i bruk eit felles undervisningsopplegg for felles strategi for IKT arbeidet i skolen. Opplegget har namnet LIKT.  (Viss nokon vil vete meir om LIKT kan eg legga ut litt info i neste blogginnlegg)

Ja, dette er planen min for planleggingsdagen 12. november. Eg er trygg på at eg har lagt lista på rett høgde og at eg har nok kompetanse for å  vera pådrivar for at dette blir bra for skulen, læraren og elevar.

3 kommentarer:

  1. Hei Vibece
    Dette høres ut som et bra utgangspunkt for et arbeid blant lærerne. En plan skaper gjerne en systematisk inngang til gode diskusjoner og refleksjon over egen praksis.

    Tenkte bare jeg skulle nevne at undersøkelsen E-learning Nordic 2006 slår fast at det ikke er synlige forskjeller mellom skoler som har en IKT-plan og skoler som ikke har en slik plan. Undersøkelsen viser også at effekten av å drive IKT-kurs for lærere samt å delta som skole i IKT-prosjekter har liten eller ingen effekt på hvordan lærerne og elevene bruker IKT i skolen.

    Dette sier jeg fordi jeg tror det er viktig at vi som ledere også har med oss dette når vi tar lærerne med på en reise inn i den digitale verden. Det som kan trøste oss, er at en god og tydelig ledelse har betydning for en positiv utviklingen når det gjelder IKT i skolen. Derfor Vibecke: Vær tydelig og vis at dette er noe du vil! Lykke til!

    SvarSlett
  2. Jeg vil tro at din innstilling til å lære nye ting slik du har vist her på bloggen, er både inspirerende og motiverende for lærerne på skolen din. At du også som leder vil legge til rette for kompetanseheving der dere lærer av hverandre høres ut som en god plan for å heve IKT-kompetansen på skolen.
    Jeg ønsker deg lykke til på fredag!

    SvarSlett
  3. Spennende å høre at dere er i gang med konkrete tiltak! Vil gjerne høre mer om hvordan det går videre, og hva LIKT går ut på!

    SvarSlett