
Eg har jobba med min eigen skepsis mot den digitale utviklinga i skulen. Kva er det som gjer at eg ikkje utan vidare trur på, aksepterer at blogg kan vera ein akseptabel eksamensform? Tre ganger har eg søkt og fått aksept hos lærar! Kva er det som gjer at eg føler det er for mykje ikke faglig som foregår med ein pc framfor eleven? Kvifor føler eg at surfing på internett tar all for mykje tid? Dette er nokre døme som eg har søkt svar på.
I boka til Rune J. Krumsvik har eg funne ein del svar og endå fleire spørsmål. Ved å skrive dei her, kan det kanskje bidra til at eg sjølv blir tryggare?
Den digitale utviklinga har ført til radikal endring av arbeidsmåter og tilgjengeligheit . Dette har skjedd i samfunnet som heilhet og det har og fått innpass i skulen. Skulen prøver så godt dei kan å henge med på tross av skepsis, økonomi, kompetanse og ikkje minst, at vi har klare oppfattningar om kva for kulturell kapital som er vedsett i skulen. Den er i stor grad tufta på den tradisjonelle, skolastiske tenkinga med ein tekstbasert, lineært formet inngang. (Grunther Kress)
Det som skjer i den digitale verden blir av Lars Qvorstrup kalla administrasjon av hyperkompleksitet. Ziehe kaller det elevens multimediale livsverd.
Og kva er elevens multimediale livsverd? Ein ungdom er i dag store delar av døgnet online. Internett, læringsplattformer, msn, chat, sms er i bruk. Nye former er etablert som blogg og wikis. Desse verkemidler administrer dei digitalt kompetenete samtidig, dvs at dei adminitrerer den digitale verda sin hyperkompleksitet. Denne måten å jobbe blir mest brukt i elevenes personlige livsverd. (Ziehe, 2001:1)
Skulen sin utfordring blir å ta denne kunnskapen inn i skulen og utnytte det potensialet det digitale formatet har? Greier vi det? Skal vi det? Har vi noko val? Eller skal skulen finne sin eigen veg?
Når ein tenker på at internett for eit tiår siden framleis var ukjend i skulen, er det vel få, om nokon som ikkje kjenner til og brukar internett i skulen i dag. Eg vil påsta at internett er akseptert som informasjon og kunnskapformidler i norsk skule i dag. Som leier valde eg ved min skule og kombinere datarom og bibliotek i eit rom. Før haustferien fekk eg spørsmål om vi kunne kassere dei gamle leksika som sto å samla støv. Svaret mitt var ja. No ligger "Store norske" som link på heimesida vår.
Internett og læringsplattformer er akseptert og i bruk i min skolekvardag. Mobiltlefon er ikkje lovleg på skule vår, og derfor brukar ikkje elvane sms. Chat ble og blir sikkert enno sett på som ukontrollbart og derfor lite brukt. Desse termologiene er for dei fleste skulefolk kjent, sjølv om alle ikkje er i bruk i skulen.
Eg spør meg sjølv. Kva er det som gjer at vi aksepterer nokon og utestenge andre digitalte verkemiddel? Sjølv er eg stort sett fortrleg med desse verkemidla og brukar dei dagleg.
Men kva så med dei nye sjangrene som har oppstatt dei seinaste åra, blogg og wiki? Kor fort vil det gå før det er aksepterte og brukte sjanger i skulen? Vil vi akseptere det? Vil min kunskap vera med på at det går fortare? Vil elevane sin kunnskap vera pådrivar? Vil det vera noko nytt som trigger rundt hjørnet?
Eg avslutter med ein link til videoen Digital hverdag 1 som eg synes var informativ og lærerik. Og har du sett 1 så må du sjå 2 og.. Kanskje alt dette berre er "rakettpost"?
Tror vi må innse at skolen alltid kommer til å "henge etter", både mht hvilken teknologi vi kommer til å ha innomhus, og hvordan vi bruker den. Skolen kommer aldri til å ligge i "teknologifronten", - tror jeg. Og vi må alltid leve med dette dilemmaet: hva av det nye tar vi inn, hva av "det gamle" beholder vi? Vi kommer ikke unna disse valgsituasjonene. Valgmulighetene ser ut til å bli stadig større. Kanskje vil dette føre til mer mangfold i skolen? Og sannsynligvis enda større forskjeller mellom klasserommene?
SvarSlett