fredag 15. oktober 2010

På besøk hos besto i haustferien!

No sover mine to barnebarn som er på besøk hos besto i siste del av haustferien. Livet er heldigvis meir enn det digitale. Vi har leikt i sandkassa, kledd på og kledd av kjelerdress og sko.  Bada i ein stamp og tatt på pysj. Lest "god natt" eventyr og fått god natt klem. To heile dagar utan at eg har tenkt eller savna den digitale verden. Godt å tenke på når du oppdager noko som gjer deg litt bekymra....

Når dei små no sover har eg brukt litt tid på å gå gjennom mailene frå Kjell Atle om kven som skal blogge og kven som skal skrive tradisjonell oppgåve. Det ser ut som eg er den einaste på min gruppe som har vald blogg. Litt uventa, men sånn er det. Vil dette gjere det vanskeligare for meg, eller berre gje meg ei større utfordring eg må takla?

Ja, ja. det er no lett å "rope" på hjelp i den digitale verda, men om nokon høyrer, det er ei heilt annan sak. Så mitt lille "hjelp" er at eg har lagt meg som følger hos alle dei bloggare som skal ha blogg som eksamen. Har videre lagt dei inn på bloggen min så eg finn dei lett.. Då er det lettere å følge dei som er mest aktiv og komme med kommentarar der. Håpar  eg dermed får gjort min blogg synleg utanfor gruppa mi og. Har allereie eit par som ikkje er på gruppa mi og det er flott.

Legg dette innlegget og inn på Plenum og Master mappa i ITL som eit lite dra tips til oss alle.

2 kommentarer:

  1. Hei Vibecke
    Du har valgt å bruke bloggen som oppgave. Det synes jeg er bra. Selv tenker jeg at dersom jeg skulle brukt blogg, måtte jeg klart å utfordre dere andre på en slik måte at dere ble inspirert, provosert eller lokket til å gi gode kommentarer. (Selv synes jeg at jeg har vært for dårlig til det ...)

    SvarSlett
  2. Nå har jeg sjekka ut de fleste inneleggene på bloggen din. Syntest det var fint å lese det du skrev om blogging som eksamensoppgave. Kommer tilbake med mer faglig relevante kommentarer ettehvert. Nå vil jeg bare melde interesse før jeg må igang med huslige sysler.

    SvarSlett